fredag 28. oktober 2011


Back to school
Etter ei lang veke på skule benken er helga endeleg her. Det er ikkje enkelt å studera nytt språk når skulerutinane gjekk i vasken for 10 år sia. Kan du hugsa korleis det var å sitta fleire timar å bøya verb? «Kjempekjekt». Det er ikkje noko enklare sjølv om klasserommet er i ein eksotisk hage der sola alltid skinner. Heldigvis er det nok av aktivtetar å ta seg til utan om skule arbeidet, og det er alltid nokon som er klar til å snakka litt engelsk når spansken blir for slitsam.

Biblioteket på Panama School
La Mariposa, skulen eg går på, støttar fleire lokale «goder». Blant anna ein barneskule i området her, Panama School. Skulen, som er eit lite bygg, med 2 klasserom, eit kjøkken og eit lite bibliotek, husar minst 100 elevar mellom 8 og 13 år. Skulen er gratis, men det er ikkje obligatorisk å gå på skule her i Nicaragua. Før La Mariposa begynte å støtta skulen gjekk ikkje meir enn 60% av barna i området på skulen, no er nesten 100% av alle barna på skulen kvar dag. La Mariposa synar for at det kvar dag er mat til ungane, og at på til har dei bygd eit toalett som barna kan bruka.
Toalettet på skulen, døra som mangler er brukt som ved for å laga mat.


Det er utruleg kor mye inspirasjon du kan få frå ein klasse med lære villige born. Dei er verkeleg glad for å kunna gå på skule.




Områda rundt La Mariposa er heilt utrulege, det er omtrent som å spasera rundt i ein botanisk hage. Etter ein 4 timar lang spasertur rundt i området her har ein sannsynlegvis smakt på meir frukt enn dei førar i disken på Meny, og dyrehagen i Kristiansand er plutseleg ikkje så spennande likevel.


ferske kokosnøtter og drage frukt er ikkje verst som lunsj. alt plukket rett fra trea på vegen.

dragefrukt

herr Nelson og co. 
jungelsti
utsiktspost til ein av dei mange flotte innsjøane i Nicaragua, i bakgrunnen vulkanen Masaya?

rektoren på la Mariposa visar oss rundt i hagen til naboen 

ein ny venn eg fant utanfor døren min.


Naturlege omgivelser rundt skulen






søndag 23. oktober 2011


Nye venner
Kva gjer du når ein ny kar kommer inn i ditt miljø? Sit du på din vante plass medan du tittar mistenksamt over avisa? Tankane om vedkommande er mange og du gjer deg opp ei meining om personen før du i det heile har utveksla eit ord med han. Eg trur mange i Noreg er sånn. Litt redd for noko nytt. Litt redd for at nye personar er skadelige. Dei kan jo strengt tatt bita deg. Du får då Rabbies og dør ein smertefull død. Eg kan fortella at det er ikkje sånn det er. Den store majoriteten av folk er både vennlege og dei berer stort sett ikkje smitte.
"spisesalen"

Eg har no vert to døgn i Nicaragua, og har innlosjert meg sjølv på eit lite hotell oppe i fjella. Her skal eg gå på spansk skule i ein månad. Eg hadde ordna meg med henting på flyplassen på forhand men var litt uroleg for at dette ikkje skulle gå som planlagt. Vi nordmenn kan jo dette med å uroa oss. Til min store forundring stod det ein kar og venta på meg på utsida av den vetle flyplassen. Han smilte bredt, og peikte på meg og skiltet han heldt i nevane sine medan han nikka. Eg nikka tilbake. Det tok ikkje lange tida før vi satt i bilen hans. Ein gamal kvit Mitsubishi L300 med eit ti talls sommarfuglar malt rundt om. La Mariposa som skulen og hotellet eg skal vera på betyr nettopp sommarfugl. Vi suser igjennom kaoset som trafikken i Managua er. Kva for ei sida av vegen ein kjører på verkar som om det er det same. Alt ein treng å gjera er å tuta mest mogleg med fløyta, då kjem ein seg fram. På vegen prøver eg å kommunisera litt med sjåføren, men det er ikkje enkelt. Det einaste eg klarer å bli einige med han om er at farts dumpane i Managua er harde. Veldig harde. Etter rundt ein halvtime med køyring stopper sjåføren. «My home» stutrar han fram på gebrokkent engelsk før han roper ut av vindauget. Ut av hust kommer ei lita, men vakker kvinne med ei jenta på armen. Det er kona og jenta til sjåføren, og eg må sjølvsagt helsa på. Ikkje trur dei eg har rabbies og dei er heilt sikker på at eg er ein ok kar, sjølv om dei ikkje veit noko ting om meg. Ganske så herleg spør du meg.
Utsikt frå terrasen

Vell framme på La Mariposa blir eg servert lunsj, medan eg blir kjent med nokre av dei andre gjestane. For augeblikket bur det ca. 10 personar her. Dei fleste av dei frå USA, men nokre er og frå England. Skulen er lagt opp med felles «matsal» ute. Det er tre store bord her, og du blir tvungen til å sosialisera deg med dei andre. Alle reie etter 10 minutt er vi ute på «idrettsplassen» i landsbyen, eit stort jorde med litt gras her og der, og kastar Frisbee. Her spiller ungar både fotball og baseball, men mange stoppar opp for å se på oss. Etter ei lita stund er rundt 10 ungar med oss. Vi kastar Frisbee med ungane (som heilt sikkert ikkje trur eg er nokre smitte berar) til det byrjar å regne. Himmelen opnar seg og vi spring tilbake til hotellet.
Det er heilt utruleg kor enkelt desse første dagane har gått. Eg kan sei til alle som lurer at eg storkoser meg her i Nicaragua. Det er fantastisk kor enkelt alt går. No gler eg meg bare til å byrja å læra spansk.
 ¡Hasta luego!

torsdag 20. oktober 2011


Farvell, fagre, vakre Norge
Du trudde du var kvitt meg no? HA! Då må du tru om igjen. No har eg oppretta reiseblogg, med det eine formålet å spamma ned e-post kontoen, facebook kontoen og alle andre virtuelle kontoar du måtte ha. Eg skal passa på at du får med deg kvart einaste lite feiltrinn eg tar. Eg skal passa på at du sit på første rad når eg ligg matforgifta over do skåla, når ein heil apekatt familie finn ut at det er lurt å sloss med ein barsk, modig og utruleg muskuløs Viking frå Noreg eller når høvding O`Store Røykringer finn ut at det er ein god idé å koka suppa på knokane mine. Om du vill eller ei, du skal nok få det med deg.