søndag 23. oktober 2011


Nye venner
Kva gjer du når ein ny kar kommer inn i ditt miljø? Sit du på din vante plass medan du tittar mistenksamt over avisa? Tankane om vedkommande er mange og du gjer deg opp ei meining om personen før du i det heile har utveksla eit ord med han. Eg trur mange i Noreg er sånn. Litt redd for noko nytt. Litt redd for at nye personar er skadelige. Dei kan jo strengt tatt bita deg. Du får då Rabbies og dør ein smertefull død. Eg kan fortella at det er ikkje sånn det er. Den store majoriteten av folk er både vennlege og dei berer stort sett ikkje smitte.
"spisesalen"

Eg har no vert to døgn i Nicaragua, og har innlosjert meg sjølv på eit lite hotell oppe i fjella. Her skal eg gå på spansk skule i ein månad. Eg hadde ordna meg med henting på flyplassen på forhand men var litt uroleg for at dette ikkje skulle gå som planlagt. Vi nordmenn kan jo dette med å uroa oss. Til min store forundring stod det ein kar og venta på meg på utsida av den vetle flyplassen. Han smilte bredt, og peikte på meg og skiltet han heldt i nevane sine medan han nikka. Eg nikka tilbake. Det tok ikkje lange tida før vi satt i bilen hans. Ein gamal kvit Mitsubishi L300 med eit ti talls sommarfuglar malt rundt om. La Mariposa som skulen og hotellet eg skal vera på betyr nettopp sommarfugl. Vi suser igjennom kaoset som trafikken i Managua er. Kva for ei sida av vegen ein kjører på verkar som om det er det same. Alt ein treng å gjera er å tuta mest mogleg med fløyta, då kjem ein seg fram. På vegen prøver eg å kommunisera litt med sjåføren, men det er ikkje enkelt. Det einaste eg klarer å bli einige med han om er at farts dumpane i Managua er harde. Veldig harde. Etter rundt ein halvtime med køyring stopper sjåføren. «My home» stutrar han fram på gebrokkent engelsk før han roper ut av vindauget. Ut av hust kommer ei lita, men vakker kvinne med ei jenta på armen. Det er kona og jenta til sjåføren, og eg må sjølvsagt helsa på. Ikkje trur dei eg har rabbies og dei er heilt sikker på at eg er ein ok kar, sjølv om dei ikkje veit noko ting om meg. Ganske så herleg spør du meg.
Utsikt frå terrasen

Vell framme på La Mariposa blir eg servert lunsj, medan eg blir kjent med nokre av dei andre gjestane. For augeblikket bur det ca. 10 personar her. Dei fleste av dei frå USA, men nokre er og frå England. Skulen er lagt opp med felles «matsal» ute. Det er tre store bord her, og du blir tvungen til å sosialisera deg med dei andre. Alle reie etter 10 minutt er vi ute på «idrettsplassen» i landsbyen, eit stort jorde med litt gras her og der, og kastar Frisbee. Her spiller ungar både fotball og baseball, men mange stoppar opp for å se på oss. Etter ei lita stund er rundt 10 ungar med oss. Vi kastar Frisbee med ungane (som heilt sikkert ikkje trur eg er nokre smitte berar) til det byrjar å regne. Himmelen opnar seg og vi spring tilbake til hotellet.
Det er heilt utruleg kor enkelt desse første dagane har gått. Eg kan sei til alle som lurer at eg storkoser meg her i Nicaragua. Det er fantastisk kor enkelt alt går. No gler eg meg bare til å byrja å læra spansk.
 ¡Hasta luego!

3 kommentarer:

  1. Jaggu, trur du har en forfatter og poet i magen.
    Knakende bra skrevet Arne, gleder meg til å følge deg på reisa og opplevelsene dine i tiden fremover.
    Buena suerte

    SvarSlett
  2. Hei Arne, godt å høyra at alt er vel med deg og plassen du er komen til. Blir litt missuneleg når eg les i bloggen. Pappa har det fint i Spania og i morgon dreg eg nedover til varmen. Bjørn er sengeliggande, men kjem seg litt for kvar dag som går. Han skal ha ny operasjon 15 november. Kos deg og nyt både natur og folk. Stor klem!

    SvarSlett
  3. Hei Arne, kjekt å lesa i bloggen din. Det verkar som du kan få eit kjempeflott opphald. Det er ikkje fritt for at eg er litt misunneleg. Pappa kosar seg i Spania og i morgon drar eg også til varmen. TV aksjonen enda med eit kjemperesultat 208 mill. Ein kan rydda litt miner for ein slikt sum. Stor klem!

    SvarSlett