fredag 25. november 2011


Granada
Eit av dei finare strøka i Granada med den store katedralen i bakgrunnen
7 herlege dagar i den tidligare koloni byen Granada er no over. Byen som var den siste som falt under revolusjonen er rik på både kultur og historie. Den skal ha vore den første «Europeiske» byen i Amerika og vart grunnlagt i 1524 av Francisco Hernández de Córdoba som og gav Nicaragua sin eigen mynteining, Córdoba. Ein kan fort sjå den spanske innflytelsen på byen, vakre hus og store katedralar pregar by bildet. Granada er og ein av dei rikaste byane i Nicaragua og det er mange «kvite» som bur. Dette merkast og på prisane. Sjølv om 13 dollar for ei seng på eit ganske flott hotell høyres billig ut er det faktisk ikkje det, vanleg pris her i Nicaragua er vell halvparten av det.

Markedet i Granada
 Når det er sagt kan eg fortelja at denne veka i Granada ikkje har vore den mest action fylte på reisa så langt. Her har det vore meir enn nok tid til å slappa av og la den nylig lærte spansk kunnskapen få rot feste. Dette har vore ganske så enkelt ved basseng kanten, i hengekøya eller på ein liten by vandring. Einaste sprellet har vert ein liten konsert på baren «Imagine» som sjølvsagt ligg i «Abbey Road». Heldigvis var det ikkje eit dårleg tribute band som stod på scenen, men ei blanding av Østerriske og Nicaraguanske musikarar som spelte ei blanding av Jazz og Reggie. Overraskande bra for å vera heilt ærleg.
Hagen på hotellet mitt :


No bærer turen mot kysten og nokre dagar på stranda og forhåpentlegvis nokre surfe timar.
Pasar un buen rato, siempre y cuando

1 kommentar:

  1. Granada høyrest ut som ein spanande og flott by. Litt badeliv høyrest herleg ut. Her heime er det storm og regn. Vi gler oss til Spania i jula, men det kan sjå mørkt ut for Bjørn si reise. Legen meiner det er litt for lang flytur, men vi tar ikkje sorgene på forskudd. Vi vonar framleis at det vert Spaniatur også på Bjørn.

    SvarSlett