Granada
Eit av dei finare strøka i Granada med den store katedralen i bakgrunnen |
7 herlege dagar i den tidligare koloni byen Granada er no
over. Byen som var den siste som falt under revolusjonen er rik på både kultur
og historie. Den skal ha vore den første «Europeiske» byen i Amerika og vart
grunnlagt i 1524 av Francisco Hernández de Córdoba som og gav Nicaragua sin
eigen mynteining, Córdoba. Ein kan fort sjå den spanske innflytelsen på byen,
vakre hus og store katedralar pregar by bildet. Granada er og ein av dei
rikaste byane i Nicaragua og det er mange «kvite» som bur. Dette merkast og på
prisane. Sjølv om 13 dollar for ei seng på eit ganske flott hotell høyres billig
ut er det faktisk ikkje det, vanleg pris her i Nicaragua er vell halvparten av
det.
Markedet i Granada |
Når det er sagt kan eg fortelja at denne veka
i Granada ikkje har vore den mest action fylte på reisa så langt. Her har det
vore meir enn nok tid til å slappa av og la den nylig lærte spansk kunnskapen få
rot feste. Dette har vore ganske så enkelt ved basseng kanten, i hengekøya eller
på ein liten by vandring. Einaste sprellet har vert ein liten konsert på baren «Imagine»
som sjølvsagt ligg i «Abbey Road». Heldigvis var det ikkje eit dårleg tribute band
som stod på scenen, men ei blanding av Østerriske og Nicaraguanske musikarar
som spelte ei blanding av Jazz og Reggie. Overraskande bra for å vera heilt
ærleg.
Hagen på hotellet mitt : |
No bærer turen mot kysten og nokre dagar på stranda og
forhåpentlegvis nokre surfe timar.
Pasar un buen rato,
siempre y cuando
Granada høyrest ut som ein spanande og flott by. Litt badeliv høyrest herleg ut. Her heime er det storm og regn. Vi gler oss til Spania i jula, men det kan sjå mørkt ut for Bjørn si reise. Legen meiner det er litt for lang flytur, men vi tar ikkje sorgene på forskudd. Vi vonar framleis at det vert Spaniatur også på Bjørn.
SvarSlett