tirsdag 8. november 2011


Running, drinking and democracy



I helga har det vore presidentval i Nicaragua, det var ikkje store overraskinga at Sandanisten Daniel Ortega vann. Heile 66% av folket stemde på den nyvalte Sandinsten som og stod i fronten under revolusjonen på slutten av 80 talet. Etter å ha snakka med både godt utdanna innfødde, den vanlege mannen i gata, velståande immigrantar og utanlandske reporterar er eg fortsatt usikker på mitt eige synspunkt på valet. Det verkar som om alle er korrupte og alle er ueinige om korleis landet skal styrast. Sandinistane er etter det eg forstår det einaste politiske partiet med eit parti program, og i mine auge tyder kanskje det på at folket har valt riktig mann, til tross for kva store deler av den utanlandske pressen meiner.

For å oppleva valet på nært hald reiste eg ilag med nokre nye vener til hovudstaden Managua for å sjå korleis ein ekte «Nico» feirar ein nyvalt president. Etter 1.5 time i ein herleg microbuss som garantert er bygd for store nordmenn kom vi til Managua og The Backpakkers Inn. Eit deileg svømmebasseng, ein hamburgar og nokre øl var alt som skulle til for å sløkka lyset denne kvelden, dessutan måtte vi vera opplagte, ein og ein halv time med springing skulle gjennomførast dagen etter.
Herleg motto for ei mosjonsgruppe


Klokka halv tre valdagen sitter vi i ein taxi på veg inn i Nicaraguas svar på Beverly Hills, hus i milliard klassen poppar opp på begge sider av vegen. Nye SUVer, nydeleg stelte hagar og vakter med maskin pistoler som passer på murer som får den Kinesiske mur til å verka liten prega gatebildet. Kontrastane er enorme til resten av Nicaragua. Vi stoppar utanfor eit av husa, ved porten henger ein stor banner, «A drinking club with a running problem». I hagen venter ei blanding av velståande Nicuraguanere og vestlige immigrantar. «Pussy Hash House Harriers» er namnet på drikke klubben som er ein del av ein stor organisasjon som har grupper over heile verda. Stort sett alle store byer har ei gruppe som i hovudsak er for utlendingar som jobbar i dei forskjellige landa. Vi er tre «jomfruer», alle frå same spanskskule. Vi blir introdusert til gruppa før vi går over reglene og starter å springe. Arrangøren av «Hashet» springer 10 minutt før oss andre og merker løypa med eit kvit pulver. Ingen av dei andre deltakarane veit kvar løypa går, men den endar alltid opp på utgangspunktet.
Pussy Hash House Harriers


Overraska over meg sjølv henger eg faktisk med hovudgruppa store deler av løpet, men må til slutt gi etter og går dei siste kilometrane tilbake til den herskapelige heimen. Sliten og sveit får eg levert ein iskald øl mens dei erfarne hasherane sett i gang med sine ritualer. Vi samlast i ein sirkel, syng ein song før nokre utvalte må styrta ein pils. Plutseleg er det vår tur. Jomfruane skal innviast i klubben. Vi får tre spørsmål, kven er vi, kvar er vi frå og kven introduserte oss til Hashet. Etter å ha svart på dei utruleg vanskelege spørsmåla må vi underhalda dei erfarne deltakarane. Etter å ha utførd nokre akrobatiske stunt må vi sjølvsagt tømma ein halv liter. Viking som eg er, tømmer glaset nesten dobbelt så fort som mine amerikanske venar, applausen stå i taket. Vi er no offisielle medlemmer av Pussy Hash House Harriers og kan no delta på løp over heile verda. Kvelden avsluttas når det for første gong i gruppas i historie går tomt for drikkevarer. Dei kunne rett og slett ikkje holda følgje med ein ekte nordmann.
Herleg stemning i Managua etter valet


Kvelden er fortsatt ung, og valet i Nicaragua er nett avslutta. Vi sit på hotellet og ser at folkemassane straumar til i gatene utanfor hotellet. Sjølv om vi er usikre på om det vil bli demonstasjon eller fest følgjer vi dei innfødde ut i gatene. Valresultatet er ikkje klart enda, men alt tyder på at det er sandanistane som går sigrande ut av val lokalane. Og godt er det, så og sei alle som samlast i «down town» Managua er supporterar av partiet. Dei fleste av dei med flagg, og t-skjorter som viser kva for eit politisk parti dei støttar. Folk syng og dansar gjennom gatene. Alt som kan klatrast på bli klatra, alle som kan klemmast på bli klemt, det er ville tilstander. Det er folkefest.

Etter kvart som val resultata tikker inn blir folkemengda bare større og større. Høgtalarar på størrelse med hus blir rulla ut i gatene, dansen blir meir og meir intensiv og folkefesten blir større og større. Etter fleire forsøk på å finna ut kor stor festen er må eg gje opp. Det er ikkje moglig å finna ein ende på folkemengda. Eg blir reven med i dansen, folk klemmer meg, dansar med meg. Det er ville tilstandar.       
Etter 6 timer med fest måtte eg gi etter for søvn mangelen. Klokka er 3, og vi ruslar gjennom folkemengda tilbake til hotellet sjølv om det ikkje er teikn til at festen er ferdig. Det er den ikkje heller. Når vi reiser frå Managua 12 timer seinare er gatene fortsatt fulle av folk. Folkefesten vil ingen ende ta.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar