mandag 12. desember 2011


 Hai, bungalow og nytt land

Sida det ikkje blei noko «Dude» av meg har eg no tatt meg frå Nicaragua til Costa Rica. Ein tur fylt med nye opplevingar, natur utan om det vanlige og mykje tilfeldighetar.
Første etappe gjekk frå San Juan Del Sur til Ometepe, ei «magisk» øy i Nicaraguasjøen. Øya som består av to vulkanar, den eine aktiv, er eit herleg lite paradis med mange myter og gåter. Den mest spennande av dei er om Oksehaien, ein av verdas mest aggressive hai, som skal leva rundt øya. Det er noko anna å bada i ein innsjø med store hai i kan eg sei deg, det gir heile opplevinga ein ny dimensjon. Bare tenk på det eit lite augneblikk, om du badar i havet har haien om lag 70 % av kloden å boltra seg på og den kan vera kvar som helst, men om du badar i ein innsjø med hai er den liksom rett rundt hjørnet. Eg syntes det er ganske spennande i grunnen.
På jakt etter Oksehai.

På øya trefte eg fleire klasse kamerater frå La Mariposa igjen. Etter alle kunstens reglar overtalte eg dei til å leiga motorsyklar får å utforska øya. Og eg kan sei at det ikkje skuffa. Øya som er ganske stor er og ein av Nicaraguas største turist attraksjonar, så store deler av øya er full av «gringoer». Det å kunne komma seg litt vekk frå hysteriet og utforska litt på eigen hand er utruleg godt. Vi fann blant anna vår eigen private strand midt i jungelen, og prøvde å dykka etter Oksehaien.
På tur rundt øya.


Planane etter Ometepe besøket var eigentleg å reisa tilbake til Granada, men tilfeldighetane ville ha det annleis. På øya møtte eg to britar som begge hadde planar om å ta ein 9 timer lang båt tur, om natta til San Carlos heilt sør øst i landet. Dette er ein by som på sett og vis grensar til Costa Rica men via elva San Juan. Eg bestemte meg for å slå følgje på turen, både for opplevinga sin del og for det eg følte det var på tide å komma seg til eit nytt land. Båten, ei gamal ferje, var delt inn i to. Oss «rike» turistar hadde ingen val, vi måtte sitta på «første klasse», medan dei mindre rike Nicane, måtte tilbringa den 9 timar lange overfarten under dekk. Eg veit ikkje kva fordelar det gav oss, for å sova var i alle fall umulig på den vetle fergja.
Balja klakka i land klokka 06.00 i San Carlos og vi blei sjølvsagt møtt av ein over ivrig, feminin guide som ville ta oss med til paradiset han dreiv. Ei gruppe frå båten var einige om å eta frukost i lag når vi kom i land og guiden følgde sjølvsagt etter. Som du sikkert alle reie har gissa «følgde» han oss rett inn i søsteras restaurant der han fekk god tid til å selje inn sitt vetle paradis til oss trøyte turistar, og vi kjøpte sjølvsagt heile opplegget. 1 time seinare satt vi i ein elvebåt på veg mot bungalower i ødemarka.
Bungalowene vi budde i.


Etter ei natt i bungalower, med meir mygg enn Hardangervidda ein fuktig sommarkveld, var vi alle lei. Sjølv om staden var nydeleg kan ein vell sei at staden ikkje hadde så masse å by på. Eit anna problem er at einaste måten å komma seg vekk frå staden på er ved hjelp av offentlig transport, elvebåten. Og ein kan i grunnen ikkje stola 100% på offentlig transport i Nicaragua. Klokka var nærmare 1700 når første båt kom forbi og heldigvis klarte vi å stoppa han og heldigvis var ikkje båten full. På veg ned elva fann vi ut at grensa til Costa Rica var stengt så vi var nøyd til å bli i San Carlos til dagen etter.

Tidlig om morgonen står vi opp for å kryssa grensa til Costa Rica, vi ynskjer å vera tideleg ute så vi er sikker på at vi kan komma oss av garde. Eg må sei at eg var litt spent på korleis dette skulle gå. Stemninga mellom Costa Rica og Nicaragua er ikkje heilt på topp og å kryssa grensa i ein meir eller mindre open båt er for meg ein ganske sprø oppleving. Til tross for spenninga gjekk overgangen utan nokre problem. Eg må likevel sei at det er den kulaste måten eg har kryssa ei grensa på.   
Den beste måten å kryssa landegrenser på.


Om nokon lurer er eg no på vest kysten av Costa Rica og lærer å kitesurfe. Skal prøve å skrive og å legge inn bilder om det snarast. I mellom tida for du kosa deg i kalde nord.

2 kommentarer:

  1. Wow! suena como que ese viaje fue una experiencia... las fotos son geniales.

    SvarSlett
  2. Dette høyrest spanande ut, du får sett litt av kvart skjønar vi her heime. Her har det vore både storm og kuldegradar med stålis ned vegen. Store problem for både køyrande og gåande, i alle fall for dei som må ha krykker. No er det bart igjen. Gleder oss til Spania og til å sjå deg att. Vær forsiktig

    SvarSlett