torsdag 1. desember 2011


Dude

Etter fira dagar i San Juan Del Sur forstår eg at været er ein viktig faktor for folk. Spesielt for «The Dudes». Den vesle bygda er fylt med «dudes» som er ute etter den perfekte bølgja. Planlegging er utruleg viktig for «dudane» som er meir opptatt av vær enn nokon eg har møtt før. Mens heima er vær og vind eit samtale emne for at det ikkje skal bli stille er det her meir eit verktøy for å ha det gøy. Når er det flo? Når er det fjæra? Kva veg blås det? Og er dei heldige kan dei snakka om den tropiske stormen 3 mil unna som skubbar ei massiv bølgje mot den vetle bygda heilt sør vest i Nicaragua.
På veg til første surfetime. Stilig vakt?


Stilig som eg er må eg sjølvsagt prøva å bli ein «Dude» og bestilte meg surfetimar hos ein av dei lokale «Dudane». Eg og nokre meir erfarne «dudar» frå Australia blei henta på hostelet vi bur på og kjørte av garde til ei strand heilt på grensa til Costa Rica ca. 1 time frå San Juan Del Sur. På veg ned mot stranda fann vi ut at staden var berykta for ran og kapringar. Vi fekk heldigvis med oss ein leigesoldat med pumpehagla, veit ikkje om eg følte meg tryggare av den grunn men han såg i alle fall stilig ut.
The Dudes


Vell framme på stranda starta surfe treninga, 10 min med tøying, 10 min med tørrtrening og så bar det rett ut i bølgjene. Surfe instruktøren var utruleg flink og etter vell ein halvtime tok eg mi første bølgje. Den følelsen er faktisk utruleg, sjølv om eg ikkje klarte å reisa meg opp. Sommarfuglane flaksa rundt i magen som aldri før, heilt fantastisk. Etter nokre timar med prøving og feiling klarte eg endeleg og reisa meg. Sjølv om det bare varte i nokre sekunder var det ein ubeskriveleg følelese av meistring. Eg var ein av «dudane».

Dagen etter var eg definitivt ikkje ein av «dudane», og surfa tar på kan eg fortelja deg. Men eg føler eg fortente ein dag vell plassert i ei hengjekøye.  Musklane fekk kvilt seg, medan dei meir erfarne australske «dudane» diskuterte vær, vind og kva for ei strand som ville vera «massive» neste dag. Som ny født «dude» blei eg sjølvsagt invitert med. Brett blei leigd, og av gåre mot ei ny bølgje bar det.

På veg ut i bølgjene for første gong.


Sjølv om eg no er akseptert som «dude» vil det ikkje sei at eg trur eg kan surfa, nei langt ifrå. Difor bestilte eg sjølvsagt surfetime denne gongen og. Same pris men ny instruktør. Denne gongen blei eg meir eller mindre sendt ut aleine, instruktøren brukte kanskje fem minutt på å gjøra meg klar før han heiv seg inn i bølgjene og koste ræven av seg. For å sei det sånn, eg var ikkje bli der eg satt for andre gang på eit brett og rei dønningane. Men på merkeleg vis var det som eit push i riktig retning. Fas bestemt på at dette skulle eg klara køyrde eg på. Bølgje etter bølgje blei fanga. Eg og dei erfarne «dudane» surfa til sola sank ned i havet som ei raud kule av flammer. Herleg følelese som ein ikkje kan beskriva men må oppleva.
Ein av "dudane", Neil, tar ei bølgje.

Ein av kjempe bølgjene siste dagen sett bak ifrå.


Dag tre med surfing var på ei strand ein bare kunne nå med båt. Som alltid bestemte vi oss om å dra der etter fleire timer med vær diskusjon. Det var plassen ein kvar surfar drøymar om. Massive bølgjer med «barrels» og greier. Stilig som eg tidligare har nemnt at eg er hoppa eg uti etter dei andre og padla mot bølgjene. Sjølvsagt sikta eg mot bølgjene som var nærare stranda, dei virka i det minste mindre.
Sjølv om dei var mindre var dei sjølvsagt ikkje små nok. Eg padla i veg og fanga mi første bølgje, eit lite augeblikk følte eg ei blanding av adrenalin, glede og meistring, så var det slutt. Brettet køyrer seg ned i bølgja og eg blir kasta framover samstundes som monster bølgja bretter seg rundt meg. Eg blir dratt i all retningar. Eit lite augeblikk er eg faktisk skikkelig redd, men etter ei stund blir eg heldigvis vaska i land. Bølgjene var ikkje bare litt for store dei var minst tre gangar for store. Etter å ha fått pusten igjen forstod eg at det ikkje var over, ja eg var kommen til land, men turen heim skulle gjøras ved hjelp av båten som låg midt havs. Ti minutt seinare sett eg i gang med padlinga ut mot båten. Bølgje for bølgje blei passert med frykt og flaks. Etter vell ein halv time kom eg til båten. Skipperen lo høgt mens han hjelpte meg om bord. «Rookie», han ropte og peikte, men med eit vennleg smil i auga. Eg må vell innsjå at eg har ein lang veg å gå før eg er ein «Dude»


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar