torsdag 19. januar 2012

Konger av fjellet


Eg veit det er mange som ventar på nye ord og bilete frå Latin-Amerika og når det tar så lang tid som det har gjort no kan det bety så mangt. Eg kan ha fått eit ufrivillig opphald på cella til ein karibisk gangster med store skitne overarmar fulle av tatoveringar og ring i nasen, eg kan ha gått meg så vill at det einaste signalet eg får inn er hylingen til apekattane som prøver å stele den siste pakken min med Marie-kjeks eller så er det rett og slett bare sånn at har det så kjekt at ikkje får tid til å skriva.  Godt for meg og forhåpentlegvis for alle som sit heima og lurar på kvar eg er så er det siste alternativet riktig.
Synet av vulkan Baru nedenifra


Sist de høyrde frå meg storkoste eg meg i El Valle, ein liten fjell landsby nær stille havs kysten av Panama. Eg trur fortsatt at byen er plassert midt i verdas nest største vulkan krater. Her budde eg på ein herleg liten Orkidé farm som vart driven av ein liten Japanar. Dagane gjekk med til å sjå på firkanta trer som ikkje var firkanta, bada i varme skilder og å gå på fjellet. Det var eit herleg lite opphald som kanskje ikkje satt dei største spora men gav i alle fall meg nokre herlege dagar med avslapping i eit litt meir norsk klima.
Kongen av Sveits og prinsen av danmark


Sida eg hadde fleire dagar med god ro i El Valle fekk eg tid til å planlegga turen vidare. Første stopp var Chitré ein anna by på Stille havs kysten men som ligg i lav landet. Dette skulle i følgje den heilage reise bibelen, Lonely Planet, vera ein hendig by å besøkja om ein ville utforska litt av den flotte kulturen Panama har og by på. Der tok dei grundig feil gitt. Her fant eg verken kultur eller anna spennande aktivitetar og om ikkje det var nok var hostelet eg fann eit ordentleg grise hus. Ja og for dei som no ler og tenker, det var rette ræven som feis, så var dette til og med under min standard. Ein opptur kom det i heldigvis i byen utan noko, eg fann ein annan backpacker som hadde gått seg vill, Marcel Vonlaufen eller kongen av Sveits om du vil, som eg har reist ilag med sidan.

På toppen av Vulkan Baru


Eg og Kongen av Sveits kom fort over ens og var kjapt einige om at neste mål var den høgaste toppen av Panama, Vulkan Baru. Dette var sjølvsagt ikkje ein del av planen som vart laga nokre dagar i for vegen men sånn er det vell når ein er ute og reiser? På vegen mot taket av Panama stoppet vi i «grensebyen» David for å overnatta. Her plukket vi opp eit ekspedisjon medlem til, prinsen av Danmark, Alexander Jackson Møller. Saman tok vi turen mot fjellbyen Bouqete, som ligg på ca. 900 meter for å ta oss opp på den 3475 m. høge toppen.
Amerikaneren Brett og prinsen av Danmark


Etter eit par dagar med hardtrening og god kost var dagen endeleg der. 14 kilometer med bratt fjellveg (kvar veg), 2200 høgdemeter (vi starta litt høgare enn byen) og 12 timar med konstant gange. Sida planen var å få med seg sol oppgangen måtte vi gå om natta. Kongen av Sveits hadde gått heile dagen nervøs som ein liten unge før første tur til tannlegen. Og to timar før ekspedisjonen starta måtte kongen gå av trona og bøya seg over toalettet. Han prøvde å reisa ryktet sitt igjen ved å bli med opp til starten av fjellet, men måtte gje opp etter 10 minutt. Bare eg og den erfarne danske klatre prinsen (himmelbjerget?) kunne fortsette den lange reisa mot toppen i mørket. Heldigvis fekk vi med oss ein amerikanar med godt humør i erstatning for den falne kongen. 6 timer med gjennomsnittlig 16% stigning gjekk relativt smertefritt, og vi nådde soloppgangen relativt nøyaktig på den kalde toppen (ca. 0 C og 15 knops vind). Følelesen av å nå målet var heilt utruleg. Og bilda taler vell for seg sjølv, turen var opp var verdt det.    Turen ned derimot, var eit sant helvete. Og gå på tolv timar lang fjelltur i converse sko er ikkje å anbefala.
soloppgang på Vulkan Baru


Etter to dagar med søvn gjekk turen vidare til Bocas Del Toro, ei flott øy gruppe på den karibiske kysten. Naturen her er heilt fantastisk. Vi var heldige og fekk bu ei natt på ei strand i herlege safari telt. Og sovna og vakna til bølgjer som slår inn mot stranda er bare heilt fantastisk. Etter tre fantastiske dagar på øyriket har turen gått opp igjen til Costa Rica og byen Puerto Viejo på den karibiske kysten ilag med mine venner frå Danmark og Sveits. Her er det reggae beats og strand som gjelder. Vi skal nyta nokre dagar her mens eg prøver å finna meg ein segl båt til colombia.
kos i sol

Vårt lille telt i jungelen


KOZ OG KLEMZ!  
       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar