torsdag 1. mars 2012

Nytt kontinent, nytt land, gamle venar


Etter fleire månar på reise rundt i Mellom Amerika var det på tide og reisa sør over til Colombia for å besøkja gamle venar frå Os. Tidlegare nabo Jørgen Grindevoll har slått seg ned i Medellin og redde opp ei seng til ein sliten backpacker. På 5 stjerners hotell Grindevoll fekk eg frukost, lunsj, middag og ikkje minst ein varm dusj kvar einaste dag i over to veker.
Medellin sentrum

Opphaldet i Medellin starta sjølvsagt i kjent Grindevoll stil med pub besøk og introduksjon til det lokale brennevinet, Guardo, som i følgje tradisjonen skal drikkast reint i store mengder og kommer i pappkartong. Om eg skal vurdere brennevinet ut i frå ein «profesjonell» ståstad kan eg vell sei at det er ei veske som liknar litt på Sambukka, men som har blitt tilsett eit par dråpar Tequila og ei halvflaska Absolutt (den med blå farge). Terningkast 6 (terningkastet blei gitt etter første kartong med herlegheiten).
Kva kan Guardo gjera?


Medellin har ikkje bare barar og diskotek å by på. Å nei, dei har mykje kultur òg, kunstnarar som malar feite folk(!), verdas mest kjente narkotika baron, Pablo Escobar og masse flotte puppar (i Colombia er dei fleste puppane «kunst»). Jørgen var flink og viste meg litt av alt.
Kunst i Medellin


Pupper og maleri av feite folk til tross, det var fleire gamle venar i Medellin som skulle besøkjast. Walter Sørstrønen, ein gamal klassekamerat frå ungdomsskulen, var i Medellin og besøkte den store kjærligheiten. Han var sjølvsagt klar for å hjelpa til med å tømma eit par kartongar med lokalt heilagt vatn. Eg må sei at det var litt rart, det å sitta seg ned for å drikka brennevin på kartong med to osingar i Colombia, eg kunne jo i grunnen bare ha gått inn på «Irishen» for å gjera det.
Walter in Medellin ;)

Etter nokre dagar med trakking i Medellin var det på tide å komma seg enda lengre opp i fjella til den vetle ferie landsbyen Guatape. Jørgen og Oliana tok meg med til dei rikes paradis, vestlands skjergard (!!), og ein kjempe stein å klatra opp på. Ferieparadiset er lagt rundt ein enorm menneske laga innsjø som blant anna huser ein undersjøisk by, eit 100 meter langt opphøgd krigs skip og Pablo Escobar`s gamle og ned bomba villa. Dette er kanskje ein av dei vakraste stadane eg har vore på sida eg reiste heima ifrå, og det er kanskje for det eg følte meg heima der.
Steine vi klatra, bare 639 trappetrinn.

Huset til Pabloen, trur han treng ein hushjelp.

Trappene opp til steinen.


Etter tur på fjellet bar det tilbake til Medellin for å vaske klede og pakke for neste destinasjon, Cartagena. Vil takke Jørgen og Oliana for gjestfriheten og nokre fantastiske flotte dagar i Medellin. Kunne ikkje blitt betre!