fredag 25. november 2011


Granada
Eit av dei finare strøka i Granada med den store katedralen i bakgrunnen
7 herlege dagar i den tidligare koloni byen Granada er no over. Byen som var den siste som falt under revolusjonen er rik på både kultur og historie. Den skal ha vore den første «Europeiske» byen i Amerika og vart grunnlagt i 1524 av Francisco Hernández de Córdoba som og gav Nicaragua sin eigen mynteining, Córdoba. Ein kan fort sjå den spanske innflytelsen på byen, vakre hus og store katedralar pregar by bildet. Granada er og ein av dei rikaste byane i Nicaragua og det er mange «kvite» som bur. Dette merkast og på prisane. Sjølv om 13 dollar for ei seng på eit ganske flott hotell høyres billig ut er det faktisk ikkje det, vanleg pris her i Nicaragua er vell halvparten av det.

Markedet i Granada
 Når det er sagt kan eg fortelja at denne veka i Granada ikkje har vore den mest action fylte på reisa så langt. Her har det vore meir enn nok tid til å slappa av og la den nylig lærte spansk kunnskapen få rot feste. Dette har vore ganske så enkelt ved basseng kanten, i hengekøya eller på ein liten by vandring. Einaste sprellet har vert ein liten konsert på baren «Imagine» som sjølvsagt ligg i «Abbey Road». Heldigvis var det ikkje eit dårleg tribute band som stod på scenen, men ei blanding av Østerriske og Nicaraguanske musikarar som spelte ei blanding av Jazz og Reggie. Overraskande bra for å vera heilt ærleg.
Hagen på hotellet mitt :


No bærer turen mot kysten og nokre dagar på stranda og forhåpentlegvis nokre surfe timar.
Pasar un buen rato, siempre y cuando

tirsdag 22. november 2011


Heim lengsel
Eg er på randen av å knekka saman. Det er heilt forferdeleg. Eg veit ikkje kva eg skal gjøra. Eg har leita men har ikkje funnen ein erstatning. Er det no begeret er fullt?

Eg sveitar, har mareritt, og dei er verre en nokon gong. Kva skal eg gjøra når fleire «stykkar» kjem flygande mot meg i mørket, og rett før dei når meg vaknar eg. Det er ikkje sunt, det veit eg. Begeret renn over.

Kva kan eg gjøra når lengselen blir for stor? Skal eg la ein rund frossen klump frå stabburet knekka meg? Ja, Grandiosa eg saknar deg , eg må ha deg, eg kan ikkje leva utan!

søndag 20. november 2011


Ein trist men spennande dag
Rektor Behrmannn


Etter 4 veker på spanskskule skal eg endeleg ta litt ferie. For første gang sida eg kom til Nicaragua er eg på eigenhand. Det er litt trist å forlata ein så herleg plass.

4veker med utruleg flott service frå dei herlege arbeidarane. 4 veker med harde spansktimer frå dei strenge og dyktige lærarane her. 4 veker med utflukter til utrulege stader i lag med rektor Behrmann. 4 veker med herlege diskusjonar over eit par (for mange) øl med mine medstudenter. Eg kommer til å sakna desse 4 vekene.

Men eventyret er heldigvis ikkje over. No bærer det til Granada og til «storbylivet» i nokre dagar så får eg sjå kvar lukka bringar meg. 

mandag 14. november 2011


Boksing, bikini og tango.

La Mariposa har utflukter frå hotellet fleire gongar i veka, laurdagane litt meir omfattande. Denne helga bar turen til Leon, ein av dei større byane i Nicaragua. Byen er slåande vakker med sin gamle kolonistil og har blant anna sentral Amerikas største katedral som etter rykte skal ha blitt bygd ved ein feil. Det er og den største student staden i landet, og det fører igjen til eit yrande uteliv. Eg og 3 andre studentar ved La Mariposa syntes dette var god nok grunn til å bli igjen i den tidlegare hovudstaden.
Utsikt frå toppen av katedralen


Etter at resten av gruppa reiste tilbake til skulen fant vi eit herleg lite hostel med namnet Tortuga Booluga, den late skilpadda. Eigaren, ein tidlegare amerikansk baseball proff, var meir enn villig til og fortelja oss om Leon og kvar dei gode plassane å få seg ein øl var. Kvelden skulle bli ganske bra sida dei «innfødde» elskar boksing og alle barane kom til å visa ein stor kamp mellom ein mexicanar og ein kar frå Filippinene. Til og med karaoke barane viste boksing. Filippinaren vann og eg tapte 20 kr. på eit veddemål med nokre lokale karar i baren vi satt på. Etter kampen var det full fest og eg, lur som eg er, smakte på 18 år gammal rom, som faktisk var herleg. Kvelden blei avslutta sovande oppå eit bor på hostelet klokka 5 om morgonen.
Meg godt plasert utenfor ei lokal sjappe 

Søndag morgon vakna eg av at min franske venn, Erve, hoppa i senga mi klokka åtte. Det var på tide og reisa på stranda. Fortsatt godt påverka av den 18 år gamle rommen, kapra vi ein buss og satt kursen mot havet. Herlege bølgjer og vakre kvinner i bikini så langt auge kunne sjå møtte oss på den herleg stranda 30 minutt frå Leon. Ein liten bar blei vår base dei neste timane, god «dagen der på» hamburgar, smothie og eit bad var alt som skulle til for at dagen skulle vere perfekt.
Herleg strand utenfor Leon

Vell tilbake på skulen har eg no hatt den mest spesielle spansk timen så langt. 2 timer med tango. Kanon artig men utruleg vanskelig. Rektoren, Behrmann, lærte oss å riste på rumpa. Trenger nok eit par tusen timer med trening før eg kan ta det ut på dansegolvet og i mitt tilfelle er vell det kanskje aldri. 

onsdag 9. november 2011


Djevelens munn

Nicaragua er heim til eit stort nummer vulkanar. Bare rundt skulen eg går på er det mellom 6 og 7, fleire av dei er aktive. Ein av dei største er Vulkan Masaya, den har tre krater, eit er aktivt og blir kalla Djevelens munn. Rundt vulkanen er det eit yrande dyreliv blant anna fleire stor flaggermus grotter, ei av dei 400 meter lang. Ein herleg plass å bruka ein sein ettermiddag på.

På kanten eller leppen til djevelens munn.

Solnedgang ove Vulkanen

Flaggermuser på veg ut av hulen, vi prøver å gå inn.

tirsdag 8. november 2011


Running, drinking and democracy



I helga har det vore presidentval i Nicaragua, det var ikkje store overraskinga at Sandanisten Daniel Ortega vann. Heile 66% av folket stemde på den nyvalte Sandinsten som og stod i fronten under revolusjonen på slutten av 80 talet. Etter å ha snakka med både godt utdanna innfødde, den vanlege mannen i gata, velståande immigrantar og utanlandske reporterar er eg fortsatt usikker på mitt eige synspunkt på valet. Det verkar som om alle er korrupte og alle er ueinige om korleis landet skal styrast. Sandinistane er etter det eg forstår det einaste politiske partiet med eit parti program, og i mine auge tyder kanskje det på at folket har valt riktig mann, til tross for kva store deler av den utanlandske pressen meiner.

For å oppleva valet på nært hald reiste eg ilag med nokre nye vener til hovudstaden Managua for å sjå korleis ein ekte «Nico» feirar ein nyvalt president. Etter 1.5 time i ein herleg microbuss som garantert er bygd for store nordmenn kom vi til Managua og The Backpakkers Inn. Eit deileg svømmebasseng, ein hamburgar og nokre øl var alt som skulle til for å sløkka lyset denne kvelden, dessutan måtte vi vera opplagte, ein og ein halv time med springing skulle gjennomførast dagen etter.
Herleg motto for ei mosjonsgruppe


Klokka halv tre valdagen sitter vi i ein taxi på veg inn i Nicaraguas svar på Beverly Hills, hus i milliard klassen poppar opp på begge sider av vegen. Nye SUVer, nydeleg stelte hagar og vakter med maskin pistoler som passer på murer som får den Kinesiske mur til å verka liten prega gatebildet. Kontrastane er enorme til resten av Nicaragua. Vi stoppar utanfor eit av husa, ved porten henger ein stor banner, «A drinking club with a running problem». I hagen venter ei blanding av velståande Nicuraguanere og vestlige immigrantar. «Pussy Hash House Harriers» er namnet på drikke klubben som er ein del av ein stor organisasjon som har grupper over heile verda. Stort sett alle store byer har ei gruppe som i hovudsak er for utlendingar som jobbar i dei forskjellige landa. Vi er tre «jomfruer», alle frå same spanskskule. Vi blir introdusert til gruppa før vi går over reglene og starter å springe. Arrangøren av «Hashet» springer 10 minutt før oss andre og merker løypa med eit kvit pulver. Ingen av dei andre deltakarane veit kvar løypa går, men den endar alltid opp på utgangspunktet.
Pussy Hash House Harriers


Overraska over meg sjølv henger eg faktisk med hovudgruppa store deler av løpet, men må til slutt gi etter og går dei siste kilometrane tilbake til den herskapelige heimen. Sliten og sveit får eg levert ein iskald øl mens dei erfarne hasherane sett i gang med sine ritualer. Vi samlast i ein sirkel, syng ein song før nokre utvalte må styrta ein pils. Plutseleg er det vår tur. Jomfruane skal innviast i klubben. Vi får tre spørsmål, kven er vi, kvar er vi frå og kven introduserte oss til Hashet. Etter å ha svart på dei utruleg vanskelege spørsmåla må vi underhalda dei erfarne deltakarane. Etter å ha utførd nokre akrobatiske stunt må vi sjølvsagt tømma ein halv liter. Viking som eg er, tømmer glaset nesten dobbelt så fort som mine amerikanske venar, applausen stå i taket. Vi er no offisielle medlemmer av Pussy Hash House Harriers og kan no delta på løp over heile verda. Kvelden avsluttas når det for første gong i gruppas i historie går tomt for drikkevarer. Dei kunne rett og slett ikkje holda følgje med ein ekte nordmann.
Herleg stemning i Managua etter valet


Kvelden er fortsatt ung, og valet i Nicaragua er nett avslutta. Vi sit på hotellet og ser at folkemassane straumar til i gatene utanfor hotellet. Sjølv om vi er usikre på om det vil bli demonstasjon eller fest følgjer vi dei innfødde ut i gatene. Valresultatet er ikkje klart enda, men alt tyder på at det er sandanistane som går sigrande ut av val lokalane. Og godt er det, så og sei alle som samlast i «down town» Managua er supporterar av partiet. Dei fleste av dei med flagg, og t-skjorter som viser kva for eit politisk parti dei støttar. Folk syng og dansar gjennom gatene. Alt som kan klatrast på bli klatra, alle som kan klemmast på bli klemt, det er ville tilstander. Det er folkefest.

Etter kvart som val resultata tikker inn blir folkemengda bare større og større. Høgtalarar på størrelse med hus blir rulla ut i gatene, dansen blir meir og meir intensiv og folkefesten blir større og større. Etter fleire forsøk på å finna ut kor stor festen er må eg gje opp. Det er ikkje moglig å finna ein ende på folkemengda. Eg blir reven med i dansen, folk klemmer meg, dansar med meg. Det er ville tilstandar.       
Etter 6 timer med fest måtte eg gi etter for søvn mangelen. Klokka er 3, og vi ruslar gjennom folkemengda tilbake til hotellet sjølv om det ikkje er teikn til at festen er ferdig. Det er den ikkje heller. Når vi reiser frå Managua 12 timer seinare er gatene fortsatt fulle av folk. Folkefesten vil ingen ende ta.