torsdag 20. oktober 2011


Farvell, fagre, vakre Norge
Du trudde du var kvitt meg no? HA! Då må du tru om igjen. No har eg oppretta reiseblogg, med det eine formålet å spamma ned e-post kontoen, facebook kontoen og alle andre virtuelle kontoar du måtte ha. Eg skal passa på at du får med deg kvart einaste lite feiltrinn eg tar. Eg skal passa på at du sit på første rad når eg ligg matforgifta over do skåla, når ein heil apekatt familie finn ut at det er lurt å sloss med ein barsk, modig og utruleg muskuløs Viking frå Noreg eller når høvding O`Store Røykringer finn ut at det er ein god idé å koka suppa på knokane mine. Om du vill eller ei, du skal nok få det med deg.  

1 kommentar:

  1. Spanande å lese bloggen din Arne. Jada, pugging av gloser er kjedeleg, men kjem godt med for å kunne snakke korrekt spansk. Flotte bilete, vi kan sjå at du har funne deg vel til rette i Nicaragua. Pappa og eg er framleis i Spania, det har regna omtrent kvar dag etter at eg kom ned. Har hatt besøk av min gode kollega Runi og mannen, ikkje mykje strandvær men vi har hatt det kjekt. No er det bare oss to "gamlingar"att, ser ut til at det lysnar litt så det kan hende vi får litt sol dei siste dagane før vi drar heim. Stå på med både spansk og bloggskriving. Klem frå oss to i Spania.

    SvarSlett