torsdag 22. desember 2011


The Dudes V2.0
To av mine nye venar på vatnet.


Mange av de som følgjer med litt på bloggen min har fått med seg at eg prøvde å bli ein «Dude» for ei lita stund tilbake, med blanda hell. Eg skal sei dykk at eg ikkje har gitt opp. Nei, eg har no funnen nokre andre «Dudar» og herma etter. Denne gongen er det gjengen som brukar store fallskjerm liknande drakar som segl for og flytta brettet eg henger med. Og eg må sei at opplevinga er ganske så annleis. Ja det handlar fortsatt om surfing, og det er vell det einaste som er samanliknbart. Mens surfing stort sett handlar om individualistar er ein som kitesurfar nesten avhengig av nokre gode vennar som hjelper til på stranda, og det skapar igjen eit heilt anna miljø. Eit meir inkluderande miljø, og det likar eg. Det er nett som å spela på eit lag, og alle er meir enn villige til å hjelpa «rookiane». For å læra meg denne nye sporten og kulturen flytta eg sjølvsagt inn på eit reinspikka «kiteinternat». Her måtte eg sjølvsagt leva og bu ilag med «dudar» som ånda for sporten. Det var igjen tid for ei veka fylt med snakk om ver og vind.
Utsikt frå villaen


Etter 6 timar med buss på herlege motorvegar (les: grusvegar og elveleier) og 1 time i taxi fann eg endeleg fram til Kitehouse Costa Rica. Her blei eg godt mot tatt av den franske del eigaren, kite entusiasten og seinare instruktøren min Damien. Han innlosjerte meg i ein av villaane han eigde medan han sjølvsagt fortalte om kor hekta eg kom til å bli på denne fantastiske sporten. Villaen med nydeleg utsikt over kite stranda romma allereie 4 andre hyggelege entusiastar som eg kom godt overeins med alt frå starten. Eg følte med ein gong kor stor forskjellen på ein vanleg surfar og ein kitesurfar er. Det var meir vennlegheit og samhald. Etter nokre pils med mine nye sambuarar var det på tide med søvn før den store dagen som skulle setta tolmodigheten på prøve.
"boddydraging"


Første dag på kiteskulen starta sjølvsagt med teori. Det var mange reglar som skulle lærast, og mange farar som skulle unngåast. Kiting kunne vist vera ein farleg sport om ein ikkje følgde reglane. Etter 1 time var eg på stranda med ein kite i henda, ein kunne skjenna krafta i draken med ein gong, dette er ikkje noko leiketøy. Ein time på stranda var nok før det bar ut i vatnet utan brett i lag med Damien. Eit av dei viktigaste elementa ved kite surfing er «body dragging», å la dragen dra deg rundt på vatnet til diverse destinasjonar for å for eksempel finna igjen brettet eller komma seg i sikkerheit etter fall. Ikkje enkelt, men utruleg gøy å kjenna korleis det var å bli dratt rundt på havet av vinden. Siste del av dagens undervisning var nød redning på draken, ein spesiell måte ein kunne komma seg i land på ved å bruka draken som flåte. Eg må sei at dagen var lang og bestod av masse feiling men og følelsen av å meistra takka vera den utruleg flinke instruktøren eg fekk.
Nesten oppe for første gang

Andre dag var meir intens enn den første. Sjølv om eg ikkje følte det sjølv meinte Damien at eg var klar for brettet. Ut bar det, meg, brettet og draken. Etter fleire timar med prøving, feiling og harde fall kom eg meg endeleg opp, og sjølv om det bare varte i sekundar før eg såg draken treffa vatnet med eit smell, var det ein utruleg følelse. Ein mykje betre følelse enn når eg stod på det vanlege surfebrettet for første gong. Alle dei timane med trening betalte seg, eg hadde bare lyst til å fortsetta, læra meir, bli ein ekte «dude». Men så fort eg kom meg opp på brettet forsvann vinden. Og som gjennfødt «dude» var det bare å setta seg på stranda og diskutera ver og vind med dei andre «dudane».
Då var vi i gang.


Diverre kom ikkje vinden igjen denne dagen, ikkje før etter to dagar kunne ein skjenna brisen i nakken. Heldigvis var det nok av nye venar som samla seg på stranda for å drikka øl og brenna bål på ekte «dude» vis i vente perioden. Så det vart aldri trasig og venta sjølv om vi alle helst skulle ønska oss vind i «seglet».
Siste dag i kite paradiset kom vinden, og eg kunne reisa ut og øva meg på nye kunstar. Fleire timar med kiting og enda fleire timar der eg stressa med å kontrollera draken medan eg leita etter brettet gjekk fort. Og sjølv om eg føler eg klarer å kite treng eg nok mykje meir tid før eg verkeleg kan gå ut å kite åleine. Ikkje det at eg treng meir undervisning, men meir tid ilag med andre som kan sporten er nok ikkje dumt. På no verande tidspunkt er det lika spennande kvar gang eg let kiten dra meg av garde. Kor eg endar er heilt opp til ver og vind, det skal nokre timar til før eg kan sei til vinden: venstre takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar