fredag 6. januar 2012

Storby utan nyårs feiring


Etter herlige dagar med luksus og familie i Spania var det på tide å få på seg ryggsekken igjen og setta kursen mot kvardagen i Sentral Amerika og Panama City, storbyen med stor S i regionen. Skyskraparar, store kjøpesenter, yrande folkeliv og alt anna ein storby kan by på stod for tur. Panama City er verkeleg den byen i Sentral Amerika som er mest påverka av den vestlege kapitalen og det har både sine pluss og minus.


Vell framme på Panama City Airport tinga eg ein taxi. Sjåføren verka hyggeleg, kjekk og når eg spurde han om han viste kvar den endelege destinasjonen, Hostel Aleman (hostel tyskaren), var svarte han med stor tru på seg sjølv at det gjorde han. Vi avtalte pris, og sidan den heilage guiden, Lonely Planet, seier at det ville kosta meg rundt 20 dollar var eg i grunnen ganske fornøgd etter at eg hadde pruta turen ned til 17.50. Vi cruiset inn mot byen i høg fart og alt verka tilsynelatande bra. Turen skulle ifølgje innehavar av hostelet ta omkring 20 minutt. Etter 40 minutt og eit gedigent gnagsår i sprekken byrja eg og ana ugler i mosen og når vi runda same hjørnet for femte gong forstod eg at sjåføren ikkje hadde ein einaste idé om kvar vi skulle. Etter fleire telefonar og mange heiderlege forsøk stod vi utanfor ein McDonalds i lag med Panamas flottaste i blåe uniformer og blinkande lys. Dei prøvde så godt dei kunne, men til ingen nytte. Vi fann fortsatt ikkje senga mi. Etter nærmare 3 timar og utalbare forsøk stoppa vi med eit hotell av første klasse. Her fann vi ei svært så hyggeleg dame som heldigvis viste kvar det vetle hostelet låg, vi var bare ein time(!) unna. Etter rally køyring igjennom Panama City fann vi endeleg hostelet vi tidlegare på kvelden hadde køyrd forbi 5-6 gongar. Taxi sjåføren smilte skeivt til meg og unnskyldte seg på gebrokkent engelsk. Eg blei godt mottatt og kunne endeleg krypa unna dyna (lakenet) etter nærmare 24 timar på tur.

Eg brukte ein heil dag på å komma meg etter den lange reisa, og når eg endeleg kom meg ut av hostelet heiv eg meg på bussen for å sjå Panama kanalen. Bussturen som kosta 25 cent tok meg frå dei rike strøka på vest sida med villaer, store hagar og suvar, igjennom sentrum der store skyskraparar i alle formar ligg tett i tett til slumen der prostituerte narkomane stod gatelangs medan dei prøvde å tena nokk til neste dose. Panama City er utan tvil ein by med store kontrastar.
vi heier fram båten

Litt skuff med så liten båt, hadde håpa på eit stort skip.


Vell framme ved Miraflores Locks var det på tide med ein tur rundt den mest kjente delen av kanalen. Museum, film og orkester plass når ein større båt tok turen igjennom kanalen. Filmen dei viste var utan tvil laga for amerikanske turistar og viste store delar av det «fantastiske» samarbeidet Panama kanalen har med amerikanarane, men fortalde og om korleis Frankrike starta arbeidet med kanalen og kor mange som døyde under Fransk administrasjon. Dei utela sjølvsagt kor mange som døyde under Amerikansk administrasjon og andre problem dei hadde under denne tida. Propaganda er alltid like kjekt. Etter den vetle filmen bar det ut til tribunen med flott utsikt over kanalen. Her fikk eg sjå ein større seglbåt ta seg ned kanalen, eg kan vell sei at eg har sett meir interessante ting på reisa mi, men det er vell litt for dumt og reisa igjennom Panama utan og sjå ein båt igjennom den verdskjente kanalen.

Dagen etter var det på tide å besøka den andre store attraksjonen i Panama City, gamle byen. Bare 10 minutt med gange igjennom den trygge delen av byen var dette ein hyggeleg oppleving. Fleire gamle ruinar og eit gamalt tårn i den flotte parken utanfor sentrum av byen. Eg vil påstå at vi flottare og meir ivaretatte ruinar heima i Noreg men ein kan ikkje klaga på utsikten over Panama City frå det ny renoverte tårnet mitt i parken.
Ruinene i Panama

Nyårsaftan var noko eg hadde gleda meg lenge til å feira i eit syd amerikansk land. Forventningane var store sida eg hadde visse formeiningar om at syd amerikanarane viste korleis dei skulle halda ein fest og sidan Panama City er hovudstaden i Panama måtte vell det vera festens midtpunkt. Eg blei diverre skuffa stort. Ein smule feminin danske og eg valte og forlata festen som var planlagt på hostelet og reiste inn til sentrum for å delta på festen der. Til vår store undring var gatene folketomme og bare eit fåtal av barane var opne. Litt fyrverkeri frå dei større hotella var det einaste som tyda på feiring av det nye året. Det var derfor vemodig å returnera til hostelet tidlig på kvelden for å fortelja dei andre om vårt mindre vellukka besøk i storbyen. Heldigvis var feiring godt i gang der og vi fekk ein minne verdig (og litt tåkete) kveld med grilling og masse god drikke likevell.
En kar med navn "Ron" øydelgte dei fleste bileta frå nyårsfeiringa, dette er det beste. Som du sikkert kan sjå er det mat og drikke som står i fokus.


Etter den meir eller mindre vellukka nyårs feiringa tok eg meg vidare i Panama mot det er trur er verdas nest største vulkan krater og byen El Valle kor eg koser meg for augeblikket. Forhåpentlegvis kan eg posta eit nytt innlegg om denne vakre vetle byen i løpet av dei neste dagane.

Håpar alle heima får eit flott nytt år!     
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar